Kva kan barneverntenesta hjelpe til med?
* Gi råd om barn, økonomi, fritid m.m.
* Tilvise til anna hjelp; barne- og ungdomspsykiatrien, basissenteret, familierådgivingskontoret m.m.
* Skaffe besøkheim eller støttekontakt
* Tilrå plass i barnehage eller skulefritidsordning
* Gi støtte til fritidsaktivitetar og ferietiltak
* Gi økonomisk støtte
* Rettleie om foreldrerolla
* Gi kortare eller lengre opphald på institusjon eller i fosterheim
* Adopsjon
Når bør du ta kontakt med barnevernet?
* Når du ser at eit barn ikkje får dekka grunnleggande behov for omsorg, tryggleik, mat og stell
* Når du ser at eit barn er utan tilsyn av vaksne og verkar skremt og engsteleg
* Når du har mistanke om at et barn blir utsett for fysisk/psykisk mishandling eller seksuelle overgrep
* Når du er bekymra for at foreldre har store rusproblem
* Når du er bekymra for at foreldre har store psykiske problem
* Når du som foreldre er sterkt bekymra for barnet ditt/ungdommen din
Korleis tar du kontakt med barnevernet?
* Du kan skrive til oss - med namn eller vere anonym
* Du kan ringe til oss - med namn eller vere anonym
* Du kan ta kontakt for å avtale eit møte med oss
Greitt å vite:
* Du kan alltid drøfte saker med barnevernet anonymt
* Barnevernet er avhengig av bekymringsmeldingar utanfrå for å kunne hjelpe barn som har det vanskeleg
* Dei fleste av barnevernet sine hjelpetiltak er frivillige tiltak i heimen
* Omsynet til barnet sitt beste skal vege tyngst
Kontaktinformasjon:
Barneverntenesta for Finnøy, Rennesøy og Randaberg er lokalisert vis-a-vis Randaberg kyrkje, med besøksadresse Torvmyrveien 24. Postadressa er Randaberg kommune, Barnevern, Postboks 401, 4096 Randaberg.
For meir informasjon om barneverntenesta i Randaberg kommune.
Kontakt:
Tlf. 458 70 697
Kontakt utanom kontortid:
Barnevernvakta, tlf. 51 89 91 67 eller 51 89 90 00
Barnevernleiar:
Hilde Kristin Osbakk, konstituert barnevernleder
post@randaberg.kommune.no