Kommunen handsamar og avgjer søknadar om tilskot. Kommunane utarbeider overordna retningsliner for prioritering av søknadane (lokale tiltaksstrategiar) basert på Forskrifta om spesielle miljøtiltak i jordbruket, sjå Finnøy kommune sin Strategi for tildeling av SMIL-middel.
Fylkesmannen i Rogaland har følgjande særskilde prioriteringar for 2019:
-
Tiltak for å redusere avrenning frå veksthus blir vidareført i 2019. Dette gjeld for kommunane Klepp, Finnøy, Sola og Rennesøy. Ordninga gjeld for eksisterande veksthus og ikkje ved nybygg. Fylkesmannen tilrår ein tilskotssats på inntil 35% av kostnadsgrunnlaget og tilskotstak på kr 200.000.
-
Ureiningstiltak: reinseparkar, fangdammar og hydrotekniske tiltak er dei mest nytta tiltaka.
-
Vedlikehald av reinseparkar er overført frå RMP (regionalt miljøprogram) til SMIL. Fylkesmannen tilrår at satsen frå RMP på kr 12.000 pr oppreinsking blir vidareført i SMIL-ordninga.
-
Tak på gjødsellager: Gardar med god nok kapasitet på gjødsellager kan søkje SMIL-middel til tak på eksisterande gjødsellager (ikkje nybygg). Fylkesmannen tilrår ein tilskotssats på inntil 20% av kostnadsgrunnlaget og tilskotstak på kr 100.000.
-
Biologisk mangfald: utvalde naturtypar som til dømes kystlynghei, slåttemark mm.
Kven kan søkje?
Føretak med tilskotsberettiga produksjon på landbrukseigedomen eller eigar av landbrukseigedomar med tilskotberettiga produksjon kan få tilskot. Landbrukseigedomen sin eigar må gje samtykke til gjennomføring av prosjekt eller tiltak.
Søkjer må ha gjødslingsplan og journal over plantevernmiddel, samt kart over eigd og leigd jordbruksareal som føretaket disponerer. Kulturminne, område som er viktige for biologisk mangfald, areal med risiko for tap av jord og næringsstoff og andre forhold av miljømessig betydning skal vere kartfesta og beskrive.
Søknad
Det er ikkje lengre mogleg å søkje om SMIL-tilskot på papir. Elektronisk søknadsskjema er tilgjengeleg via Landbruksdirektoratet sine heimesider.