Slik går du fram:
-
Finn ut kva sak det er - sjå oversikt nedanfor.
-
Du må ha situasjonskart med nabovarsel. Dersom du treng kart og liste over naboar, ta kontakt med kommunen via Servicetorget 51 71 47 00.
-
Kommunen oppfordrar til å bruke Byggsøk til å sende inn søknadar og vedlegg. Alle kan bruke byggsøk, òg privatpersonar. Det er gratis, og systemet gjer deg rettleiing undervegs slik at søknaden vert fullstendig og det medfører ikkje lengre handsamingstid hjå kommunen.
-
Du kan også sende inn via e-post, post@finnoy.kommune.no, her er det fint om teikningar og kart kjem i A3 og A4. Det er fint dersom de kan dele vedlegga inn på følgjande måte:
-
C Nabovarsel
-
D Situasjonsplan
-
D Avkjøringsplan
-
D Utandørsplan
-
E Teikningar
-
F Situasjonskart
-
G Gjennomføringsplan
-
G Erklæring om ansvarsrett (eit vedlegg for kvar erklæring)
-
G Kontrollerklæring
-
H Bustadspesifikasjon i Matrikkelen
-
I Uttale/vedtak frå anna offentleg myndigheit
-
J Rekvisisjon av oppmålingsforretning
-
Q Prosjektering
-
Q Andre vedlegg
1. Søknad utan ansvarsrett (tidlegare meldingssaker) - ikkje krav om ansvarshavande eller kontrollplanar
-
Oppføring av eit frittståande bygg inntil 70 m2, ikkje til bustad.
-
Tilbygg på inntil 50 m2.
-
Driftsbygningar i landbruket.
-
Mellombels eller transportable bygningar.
2. Søknad med ansvarsrett (tidlegare byggesaker) - situasjonskart og nabovarsel må fylje søknaden
-
Nybygg, konstruksjonar og anlegg.
-
Fasadeendring.
-
Bruksendring/riving.
-
Terrenginngrep.
-
Enkle, mindre byggetiltak som kjem over grensa for søknad utan ansvarsrett.
-
Skilt, tekniske installasjoner, m.v.
-
Deling/samanslåinga av eigedomar.
3. Fritatt for søknad (både med og utan ansvarsrett) - på visse vilkår
Er du usikker på kva du må søkje om og kva du må melde?
Då kan det vere lurt å sjå nærare i rettleiingane ovanfor.