Finnøy kommune har eit omfattande kommunalt ledningsnett. Ved utbygging av desse nyttar kommunen i hovudsak IVAR IKS som entreprenør og utbyggar. Det kommunale ledningsnettet er forholdsvis nytt.
Likevel er det mange stader i kommunen der private sjølv er ansvarleg for vatn og avløp. Dersom det oppstår akutt problem med vatn og avløp i det kommunale ledningsnettet skal IVAR IKS kontaktas på vakttelefon:975 07 200.
Ved problem i privat ledningsnett må ein ta kontakt med røyrleggar.
Finnøy kommune sine regulativ og søknadsskjema finn du i høgremenyen.
Er det spørsmål om vatn og avløp kontakt:
IVAR 07:00 - 15:00: 51 90 85 00
Vakttelefon på vatn og avløp 15:00-07:00: 975 07 200