Kommuneloven pålegg kommunane å utarbeida ein økonomiplan som omfattar minst dei fire neste budsjettår. Planen skal gje ei realistisk oversikt over sannsynlege inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden.
Budsjett- og økonomiplanen skal rullerast kvart år og er bindande for fyrste år i planperioden. Fyrste året i økonomiplanen er då budsjettet for komande år. Det er kommunestyret som vedtek budsjett- og økonomiplanen og årsbudsjettet kvart år.
Kommuneloven pålegg kommunane vidare å lage årsrekneskap og årsrapport. Der rapporterer kommunen på drift og investeringar for avslutta rekneskapsår. Årsrapporten er ei tilbakemelding frå administrasjonen til innbyggjarane og dei folkevalde i Finnøy kommune om bruk av ressursar og resultat.