Synfaring bustad- og fritidseigedom i Finnøy

Hei, du som har eigedom i Finnøy!

 
Reilstad.jpg - Klikk for stort bilete No skal vi synfare bustad- og fritidseigedommane i Finnøy kommune. Vi må sjekke at informasjonen vi har er korrekt, mellom anna for at skattar og gebyr skal bli så rettferdige som mogleg i den nye kommunen. Vi startar på Finnøy og Talgje i veke 41. Våren 2020 kjem turen til dei ikkje-landfaste øyane.
 

Det er ikkje bestemt kva delar av den nye kommunen som skal ha eigedomsskatt, men synfaring må til uansett. Synfaring inneber at vi går forbi husa, tek bilete og sjekker om tomter og bygningar stemmer med dei opplysningane vi har i det digitale systemet vårt.

 

Vi skal ikkje inn i husa, så du treng ikkje vere heime når vi kjem. Dersom du likevel ønskjer å vere til stades, kan du kontakte oss på eiendomsinfo@stavanger.kommune.no eller ringje 51 50 77 66.

 

Les meir her.

 

kommunevåpen Nye STV.PNG - Klikk for stort bilete

Ansvarleg Karin Dokken Austvik. Sist endra 17.09.2019
Artikkel (1)
 
Login for redigering